Alla inlägg den 5 mars 2009

Av Nätverket Språkförsvaret - 5 mars 2009 21:13

  

Den norska utredningen, ”Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk” finns numera också i en kortversion. Vi återger här ett utdrag från kapitlet ”Språk og makt”, där denna fråga diskuteras principiellt. Texten är skriven på nynorska. En separat ordlista i slutet på texten förklarar de ord som markerats med en siffra i parentes.

 -------------------------------------------------------------------------------------------

5.2 Språklege maktmekanismar og maktstrukturar 


Språkmakt kan koma frå språket sjølv, frå det å ha ordet i si makt eller frå ytre omstende (1). 


Makt kan utøvast direkte i tvangs- eller avgjerdssituasjonar (2), eller indirekte gjennom symbol, institusjonar og sosiale strukturar. Den siste maktutgreiinga (3) nyttar uttrykket ideologisk makt om dei omgrep (4)  og kategoriar som gjev meining til verda kring oss. Desse blir nettopp (5) danna gjennom språket.  


Makt kan vera formelt forankra i eit system eller i uformelle strukturar, til dømes (6) marknadsmakt. Forholdet mellom språk kan vera utslag av ideologisk marknadsmakt.Den offentlege språkpolitikken må difor justera for følgjene av den språklege marknadsmakta. 


Gjennom ideologisk makt kan visse språk og språkformer bli oppfatta som betre enn andre. Ein bestemt språkbruk kan også blir oppfatta som naturleg eller nøytral og dermed vinna fram utan grunngjeving (7).


 Men grunnlaget for at språkbruk og forholdet mellom språk endrar seg, er alltid knytt til maktmekanismar. Ei fri eller naturleg språkutvikling i tydinga (8) upåverka av politisk, økonomisk eller ideologisk makt er knapt tenkjeleg.


Ofte blir språkleg identitet tydelegare når han kan knytast til eit mindretal. Men dersom språklege mindretalsgrupper ikkje maktar å samordna eigne interesser, kan det utløysa språkleg avmakt (9). Sterkast er avmakta når det ikkje utan vidare blir akseptert at eins eige språk blir brukt.


Både nynorskbrukarar og dei tradisjonelle språklege minoritetane har lidd under slik avmakt. Men kanskje takk vera den nyare innvandringa er no språkleg mangfald i ein viss grad ein ideologisk maktfaktor på nasjonalt nivå.  


Globalisering styrkjer i dag bruken av engelsk, men fremjar også toleranse for språkleg mangfald. Individualisering svekkjer kollektiv språkleg identitet. Privatisering innsnevrar (10) potensialet for direkte regulering av språkleg makt. 


Maktmekanismar verkar uavhengig av intensjonar og formelle ordningar.


Dominans er nedvurdering av språkbruk og språkformer som har låg prestisje hos dei som forvaltar hegemoniet.  


Hegemoni er å ha eit strukturelt eller definisjonsmessig overtak som gjer at makta verkar sjølvsagd og ikkje må grunngjevast.


Marginalisering inneber at noko blir mindre viktig, og ignorering at noko ikkje blir teke med i vurderinga i det heile. 


Assimilering inneber at språklege særtrekk blir viska ut (11), og at minoritetar går opp i majoriteten. 


5.3 Motmakt og demokratisk makt over språket 


 Språkleg motmakt kan utøvast på grunnlag av synleggjering og dokumentasjon av ein språktradisjon og gjennom frivillig organisering og språkbasert institusjonsbygging. Men i eit demokrati er det til sjuande og sist (12) eit ansvar for fleirtalet å sikra vilkåra og dei legitimerettane til språklege mindretal. 


Nynorskbrukarar er i mindretal på nasjonalt plan, men har fleirtalsmakt i delar av landet. Alle språklege minoritetar vil elles (13) kunna avgrensa fleirtalsmakta dersom dei kan vinna ei viss ideologisk makt. 


Massemedia er blant dei som bruker og spreier språkc mest. Mange mediebedrifter arbeider innanfor tydeleg definerte språkrammer. Såleis avgjer redaktøren kva målform (14) tilsette medarbeidarar skal bruka, men lesarane får no sjølve velja målform i eigne meiningsytringar. 


Gjennom systemet med skulemålsrøystingar (15) har Noreg ein lang tradisjon med eit særskilt språkpolitisk lokaldemokrati for å regulera eit grunnleggjande aspekt av forholdet mellom bokmål og nynorsk.  


Motsett mange språkkonfliktar i andre land er den norske språkstriden regulert gjennom fredeleg og demokratiske konfliktløysing. Mange brot på lover og reglar på det språklege området fungerer likevel som språkleg diskriminering. 


Også ord og uttrykk i språket kan fungera språkleg diskriminerande, særleg bruk av opphavleg (16) gjengse nemningar som kan avspegla negative haldningar frå ei anna tid.


 5.4/5 Språkleg makt og sosiale skilnader 


Språk kan forma, halda ved like (17)  og forsterka sosiale skilnader, men det er ingen automatisk samanheng mellom språkleg makt og sosial eller økonomisk posisjon.  


Det finst mange døme på at gatespråk har vunne over høgstatusspråk, at opphavlege nynorskformer har vorte (18) vanlege også i bokmål, og at ord frå innvandrarspråk er tekne opp i det norske allmennspråket. 


Gradvis har også språklege minoritetsgrupper fått større språkleg definisjonsmakt. Samstundes kan sviktande norskspråkleg integrering, til dømes blant innvandrarkvinner,gje språkleg avmakt. 


Eit studium av språk og kjønn gjev elles ein nøkkel til å forstå synet på kvinner og menn i ulike kulturar. Tradisjonelt har maktforholdet mellom kjønna avleira seg (19) i språket. 


Nynorskbrukarar, samar og nyare innvandrargrupper har kvar sine språklege kjerneområde og har dermed eit visst maktgrunnlag gjennom regional forankring.


Men fråvær av språk i bruk på nasjonalt nivå kan likevel gje språkleg avmakt ved at mange språkbrukarar blir framande for sitt eige språk.  


Også spesialisert vitskapleg fagspråk og eit uklart og innfløkt (20) offentleg språk kan gje avmakt ved å fungera som språklege maktbarrierar overfor folk flest. Det kan hindra både innsikt utanfrå og utsikt innanfrå. 


5.6 Domenetap, språkskifte og målbyte 


Å velja å halda fast ved eit språk føreset (21) eit press i retning av språkbyte som brukarar av eit dominerande språk sjeldan vil oppleva. Språkskifte til dømes frå samisk til norsk, frå nynorsk til bokmål eller frå norsk til engelsk er difor ikkje nødvendigvis utslag av reell valfridom. 


Språkleg dominans blir i offentleg forvaltning til ein viss grad motverka gjennom formelle maktmekanismar, medan uformell makt kan forsterka til dømes bokmålsdominansen i det private næringslivet. 


Situasjonstilpassa eller fullstendig språkskifte til det dominerande språket er gjerne eit utslag av det sosialt formålstenlege (22). I fornorskingstida for samisk og kvensk (23) bidrog dette i større eller mindre grad til at det som før var morsmålet, etter kvart vart eit framandspråk for mange. 


Målbyte frå nynorsk til bokmål skjer i dag særleg etter ungdomsskulen, og jenter ser ut til å skifta lettare og tidlegare enn gutar. Observerte tendensar frå nokre år sidan gjorde det sannsynleg at kvar tredje nynorskelev ville skifta til bokmål før fylte tjue år. 


5.7 Strategi for omfordeling av språkleg makt 


Omfordeling av språkleg makt inneber å sikra norskspråkleg og fleirspråkleg mangfald, fremja språkleg deltaking for alle, leggja til rette for reell valfridom og språkleg likeverd og fremja den språkdelte norske kulturen som eit nasjonalt felleseige (24).  


Dette vil også vera med på å sikra den språklege berekrafta for norsk språk. I tillegg krevst ein aktiv politikk for å fremja norsk som fagspråk med utgangspunkt i prinsippet om norsk når du kan, engelsk når du må.  


Aktiv lovgjeving, målretta (25) støtteordningar, lokale folkerøystingar og offentlege informasjonskampanjar er blant dei aktuelle verkemidla (26) i ein offensiv politikk for å endra språklege maktforhold. 


1. omstende – omständigheter

2. avgjerdssituasjonar = avgörande situationer, beslutssituationer

3. maktutgreiinga = maktutredningen

4. omgrep = begrepp

5. nettopp = just

6. til dømes = till exempel, exempelvis

7. grunngjeving = motivering

8. tydinga = betydelsen

9. avmakt = vanmakt

10. innsnevrar = begränsar, snävar in

11. viska ut = utraderas, suddas ut

12. til sjuande og sist  = sist och slutligen, til syvende og sidst

13. elles = annars

14. målform = skriftspråksnorm, d.v.s bokmål eller nynorska

15. skulemålsrøystingar = på lokal nivå röstar man om vilken målform som ska användas som undervisningsspråk  i skolan

16. opphavleg = ursprunglig

17. halda ved like = vidmakthålla, upprätthålla

18. vorte = blivit (i svenska dialekter: vorti, från varda i inf.)

19. avleira seg = avlagrar sig

20. innfløkt = tilltrasslat, krångligt

21. føreset = förutsätter

22. formålstenlege = ändamålsenliga

23. kvensk = finsk varietet, som talas i Nordnorge

24. felleseige = egendomsgemenskap, gemensam egendom

25. målretta = målinriktade

26. verkemidla = verkningsmedel


 (Denna nätdagbok är knuten till nätverket Språkförsvaret)   

Presentation

Omröstning

Vad är ett ord? Lingvister diskuterar vad ett ord egentligen är. Vad anser du? Ett ord
 är det som omges av mellanslag i skrift
 är en sammanhållen betydelseenhet
 är en sammanhållen självständig betydelseenhet
 en samling språkljud, som uppfattas ha självständig betydelse
 består av ett eller flera morfem (minsta betydelsebärande enhet)
 är en självständig språklig enhet (del av mening) av språkljud eller en fixerad serie sådana
 är ett språkljud/en serie språkljud, som överför en betydelse utan att vara delbart/-a
 är språkljud, som syftar på något utanför sig självt, exempelvis verkligheten
 är ett språkljud, eller en samling språkljud, som kan kombineras i det oändliga
 är en enskild språkenhet, som har mening och kan uttalas eller skrivas
 en enskild språkenhet, som har mening och kan uttalas och som nedskrivet omges av mellanslag

Fråga mig

106 besvarade frågor

Kalender

Ti On To Fr
            1
2
3
4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21
22
23
24
25 26 27 28 29
30 31
<<< Mars 2009 >>>

Tidigare år

Sök i bloggen

Senaste inläggen

Senaste kommentarerna

Kategorier

Arkiv

RSS

Besöksstatistik

Följ bloggen

Följ Språkförsvaret med Blogkeen
Följ Språkförsvaret med Bloglovin'

Säg hellre!

Irriteras du av ett onödigt engelskt lånord och kan föreslå ett ersättningsord?  Skicka det i så fall till ersattningsordet@sprakforsvaret.se.  Om granskningsgruppen tycker att det är ett bra ord, belönas du med "Svenskan - ett språk att äga, älska och ärva" och ordet förtecknas också i avdelningen "Säg hellre!"


Skaffa en gratis bloggwww.bloggplatsen.se